17 september, 2007

Bibelsk arkeologi og Israel som nasjon

Korleis har Bibelen blitt brukt til å legitimere Israel som nasjon på kostnad av Palestina som sjølvstendig stat?

Kan denne bruken av Bibelen forsvarast ut frå eit arkeologisk perspektiv?

Kva for ideologiske motiv ligg bak bibelsk arkeologi som fagleg tradisjon?


Føredraget vil rette eit kritisk søkelys på bruk av Bibelen i nasjonsbygging og vise at dette fundamentet bygger på arkeologisk kunnskap som er nesten hundre år gammal og utdatert.

Terje Østigård er forskar ved Senter for utviklingsstudier og har politisk arkeologi som ei av sine forskingsinteresser. Han gav i vår ut boka Political Archaeology and Holy Nationalism: Archaeological Battles over the Bible and Land in Israel and Palestine from 1967-2000.

Boka er tilgjengeleg for nedlasting frå BRS' nettside (gå til programsida og trykk på biletet av boka).

SV-bygget (Fosswinckelsgate 6), Lille auditorium kl. 19 mandag 17. september.

Fri inngang for alle interesserte.

Etiketter: ,