28 august, 2007

Filmvisning i Bergen

Bergen Religionskritiske Studentforening presenterer:


Torsdag 30.08.07 - klokka 19:00, Fosswinckels gt. 6 (SV-fakultetet)
Root of All Evil? - The God Delusion

Helvete?
Visning av The God Delusion, første del av Richard Dawkins’ TV-dokumentarfilm Root of All Evil?

Dawkins, professor i evolusjonbiologi ved Oxford University, set fokus på det problematiske ved at enkelte religiøse mennesker med utgangspunkt i trusførestillingar er viljuge til å gjere dei mest ekstreme handlingar.

"Religion is an insult to human dignity. Without it, you would have good people doing good things and evil people doing evil things. But for good people to do evil things, it takes Religion."

Dawkins problematiserar i denne episoden religionane sitt moralske rammeverk, og argumenterar mot at born burde eksponerast for religiøs indoktrinering. Religion opptrer i følgje Dawkins som eit mentalt virus.






Fri inngang for alle interesserte.

Etiketter: