21 november, 2006

Jule-lede?

Jule-Lede?

Det er enno lenge til julekvelden, men i mange butikkar har juleutstillingane vore på plass sidan starten av oktober. Er du lei av jula alt du også?

Enkelte seier at kommersialisering har øydelagt julestemninga, og nokon kristne hevdar til og med at handelsstanden har stole jula frå dei - at jula sin sanne bodskap vert gløymd i virvaret av julebord, julemat, julekort med julenissar og julenek osv…

Men kor kristen er eigentleg jula? Tradisjonen med ei festmarkering ved vintersolkverv var gamal lenge før kristendommen oppstod, og på lik linje med mange andre gamle heidenske festdagar vart også julefeiringa stolen av kristenfolket og pakka inn i ein ny kristen kontekst.

Ønskjer du å høyre om kva den opphavlege markeringa av jula dreidde seg om, når og korleis kristendommen stal denne markeringa, og i tillegg høyre meir om bakgrunnen til dei tradisjonane som vi forbind med julehøgtida, så bør du få med deg dette arrangementet.

Merk: Vi har også ein liten julequiz!

Stad: Maos Lille Røde, Det Akademiske Kvarter, Bergen
Tid: Måndag 27. november, klokka 19.00
Pris: 30,- (gratis for medlemmer av BRS)





NB: Det er ikkje ein skrivefeil i tittelen: Ei lede er ei djup ulystkjensle (av norrønt opphav leiðr = 'lei')


Arrangør: Bergen Religionskritiske Studentforening

Etiketter:

1 Comments:

Blogger Andreas said...

Det bør muligens nevnes, siden denne posten er på nynorsk, at den ikke er skrevet av meg. Det er en pressemelding skrevet av BRS' sekretær, som er fra Sogn.

04:20  

Legg inn en kommentar

<< Home